18. mars 2015

Syskenringen

Ei natt då eg låg og drøymde,
drøymde eg om eit band.
Eit band som gjekk over alle
grensor, og alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren
vart eg vel då eg fekk sjå
at dette eg trudde var eit band
tok til å livna – og gå.

Då såg eg tusuntals hender
hekta i hop til eit band
som gjekk over alle grensor
og gjekk gjennom alle land.

Det var både ung og gamal,
det var småborn med far og mor.
Dei laga så sterk ein syskenring
som rokk kring den heile jord.

Jan-Magnus Bruheim
«Syskenringen og andre barnedikt»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar