7. mai 2015

Program

Program Musikk- og Lyrikkfestival 
og markering av at det er 70 år sidan frigjeringa






FREDAG 8. MAI

kl 18.00       Kranspålegging ved bautaen over falne i Skjåk under krigen 1940-1945
                    ved Nordberg kyrkje.
                    Song ved barnekoret "Karusellgruppa" frå Skjåk kulturskule
                    Musikk ved Lom og Skjåk Brass

kl 18.15        Kaffi og servering i kyrkjestuggu

kl 19.00       Fredskonsert med markering av at det det er 70 år sidan frigjeringa
                     Klassisk musikk ved:

                                Baryton: Rolf Nykmark
Mezzosopran: Ragnhild Groven
Piano: Sebastian Wemmerløv
Fiolin: Kari Rønnekleiv
                                Bratsj: Ole-Henrik Moe
                                Skjåk songlag
                                Saksofon: Pål Svindland
                                Programleiar og diktlesar: Endre Skjåk
                                Inngang kr 200,-
       

6. mai 2015

Utstilling med gjenstandar og bilete frå 1940 - 1945


Eit utsnitt frå eit foto av Marlo skule


Skjåk Prestegard Skjåk Historielag v/Stein Grjotheim og Bjørn Dalen skal setje opp ei utstilling med gjenstandar og bilete frå 1940 - 1945 som er frå Skjåk.

Her ser du eit lite utval av utstillinga.

Opningstid utstilling 
Laurdag  9/5    kl 17 - 20
Sundag 10/5    kl 13 - 16

Ei kinne
Velkomen!
Eit tidsskrift
Ein caps
Tobakk og tennstikkar









Even Lusæter


















Ein presentasjon av årets artistar
Even kjem frå Heidal i Nord-Gudbrandsdalen, og er no busett i Vågå. Han er 34 år, og har i arbeidsfør alder arbeidd med alt anna enn litteraturformidling. Even er utdanna agronom og har arbeidd som agronom og gravemaskinførar. Han har studert nordisk og historie på Universitet i Oslo. Han er for tida tilsett ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule som norsklærar. Men han ser på seg sjølv som ein maskinførar med litteraturinteresse, seier han. Even er folkemusikar og har gjennom åra fått mykje sceneerfaring frå kappleikar og ymse speloppdrag. Men etter kvart vart det meir og meir spørsmål om diktopplesing, formidling av lokal kultur, kjøkemeister- og konferansier-jobbar.

I saman med ei gruppe som heiter TRI har han det siste året laga fleire førestellingar med lokale diktarar som Olav Aukrust, Tor Jonsson, Ragnvald Skrede, Knut Hamsun og Jan-Magnus Bruheim.

Han har ei høg stjerne hjå skjåkværane
Even har ei høg stjerne i Skjåk. Han vart nemleg nummer to i NM i litteraturformidling i Arendal kulturhus i september 2014, og han vann publikumsprisen. Diktet han framførte var "Den annsame" av Skjåkdiktaren Jan-Magnus Bruheim. Ingen les dikt slik som Even!

Erla

Du vesle fine erla,
som fyk so nøgd og glad
upp frå den grøne tuva
og kvitrar dine kvad.

Du ber so væn ein klædnad,
han reint som silke skin;
du er som sjølve våren,
so ljos og rein og fin.

Ja, du er skapt for våren
med himil blank og klår,
i dine kvad og songar
du um ein sumar spår.

Og når du sit på tuva
ell' kvitrar glad i sky,
eg alltid kviknar uppatt
og kjenner meg som ny.

              Olav Øygard

4. mai 2015



















Ein presentasjon av årets artistar

Kari Rønnekleiv er fiolinist. Ho er utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium og Royal College of Music i London. Ho har jobba som landsdelsmusikar i Finnmark, i Tromsø Symfoniorkester og som frilansmusikar i orkester som Bodø Sinfonietta, Trondheim Symfoniorkester og TrondheimSolistene. Ho er gift med komponist Ole-Henrik Moe og saman gav dei i i 2007 ut albumet Ciaccona/3 Persephone Perceptions med musikk av Moe framført av Rønnekleiv. For albumet vann dei Spellemannprisen 2007 i klassa samtidsmusikk

Ole-Henrik Moe er komponist og fiolinist. Han er ein av Kaare Sæthers elevar ved Østlandets musikkonservatorium. I tillegg til eigen produksjon har han også vore med på ei rekkje Motorpsycho-utgivelser. Han vart nominert til Spellemannprisen 2008 i klassa årets samtidskomponist for «Vent litt lenger». I 2006 vart han tildelt Arne Nordheims komponistpris og i 2011 fekk han Fartein Valen-stipendet.






Rolf Nykmark

















Ein presentasjon av årets aristar

Rolf Nykmark er ein anerkjent baryton. Han starta som gutesopran og solist i Sølvguttene. Han er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, solistklasse og Operaskole i Stockholm. Han debuterte som konsertsongar i 1982 med Haag Philharmonic og saman med Wolfgang Plagge i 1988 i Universitetes Aula i Oslo. Han har hatt fleire operaroller i verk av Donizetti, Puccini, Verdi Beethoven, Mozart og Plagge. Han var vore med på fleire opera- og solistkonsertar og festivalar i Norge, Skandinavia, Tyskland, Austerrike, Holland, Italia, USA og Japan. Har har vore med på fleire romansekonsertar på Troldhaugen, som heimen til Grieg og han vore å sjå og høyre på NRK ved fleire anledningar.

Endre Skjåk























Presentasjon av årets artistar 2015

Endre Skjåk er ein allsidig og verksom kar. Han har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim og har vore frilans scenekunstnar sidan 2006. Han har erfaring frå fleire større produksjonar i Oppland, m.a. Kristinspelet på Sel og har og hatt engasjement vedTeater Innlandet. Han har også vore tilknytta fleire av kulturskulane i Nord-Gudbrandsdal som dramalærar og som kulturskulerektor i Sel og prosjektleiar for ungdomsmusikalen "Hair" på Otta.
Endre har vore med på fire cd-produksjonar: Diktarplager, Hamsunplager, Nordalsnissane rører jula inn samt "Snigla som sykla" som kjem ut våren 2015.


Endre skal vere programleiar og diktlesar på fredskonserten 8. mai i Nordberg kyrkje.


27. apr. 2015

Fred

Eg ser ein gud. Eg trur han er stor Stundom så sender han bud utan ord Eg spirar på jorda som eit fattigsleg tre Eg hører kje orda, men eg har fred Livet er saknad Livet er mot Ein gong vi skal vakna’ til ein fred som slår rot.
Finn Sandum